Nedgang i kvoterådet for havbrisling
Havbrisling
For brisling i Nordsjøen og Skagerrak, tilrår havforskarane at totalfangsten ikkje overstig 82 822 tonn i kvoteåret 1. juli 2026 til 30. juni 2027.
30.04.2026 12:28 | Av Roar BjånesøyDette skriver Havforskningsinstituttet
Det er 65 prosent lågare enn rådet for førre kvoteår.
– Brislingen er ein relativt kortliva art og rekrutteringa varierer mykje frå år til år, noko som gjer at bestandsstorleiken òg kan variere ein god del frå år til år, seier Kvamme.
Samstundes er brislingen eit viktig byttedyr for større fisk, særleg no når det er lite tobis og augepål.
Brisling i norske fjordar inngår ikkje i dette kvoterådet.