Meny

Ny arbeidsgruppe for kystfisket i sør

article image Foto: Norges Sildesalgslag

Det skal etablerast en arbeidsgruppe som skal gå gjennom problemstillingene knyttet til kystfiske i sør på bredt grunnlag. Alle relevante interessegrupper vil bli involvert.

14.08.2012 14:55
Dette sa Statssekretær Kristine Gramstad i Fiskeri- og kystdepartementet da hun deltok  på Langesundkonferansen i helgen, en konferanse der det og har vært satt fokus på forvaltninga av dei marine ressursane i Skagerrak.

- Både ressurssituasjonen og konfliktane mellom ulike interessegrupper viser at vi så langt ikkje har lukkast i å etablere robuste og langsiktige forvaltningsregime for kystfisket i sør. Vi vil derfor opprette ei arbeidsgruppe for å gjennomgå dei ulike problemstillingane. Arbeidsgruppa skal både beskrive situasjon slik han er i dag og komme med forslag til reguleringstiltak, seier statssekretær Kristine Gramstad.

Departementet sender no ut invitasjon til å delta i arbeidet til ei rekkje organisasjonar, og tek sikte på at arbeidsgruppa skal vere ferdig med arbeidet til sommaren 2012.