Sildegytetoktet: Færre tiåringar, litt påfyll av femåringar
Totalt sett har forskarane sjeldan observert så lite sild på gytetoktet før.
07.04.2026 10:19 | Av Martine KorsøenI rapporten om sildegytetoktet skriver Havforskningsinstituttet følgende på sin side.
– Ut frå observasjonene våre har vi berekna at den målte bestanden var 33 prosent lågare enn i fjor, som var 23 prosent lågare enn året før, fortel havforskar Erling Kåre Stenevik, toktleiar om bord på "Eros" i februar.
Ikkje sidan 1994 har det vore lågare målingar på toktet. Men forskaren kjem med si årvisse påminning:
– Gytetoktet er ikkje heile sanninga, men berre éin av fleire kjelder til kunnskap om sildebestanden, seier Stenevik med antyding til heva peikefinger.
Uvisst om alle femåringane blei med
Éin joker i det heile er silda frå 2021, som debuterer på gyteområda i år.
Fram til i fjor var det gammalsilda frå 2016 som dominerte bestanden.
Samtidig som fiskeriet har tæra på denne årsklassen, har den over middels store 2021-årsklassen tatt forbi. Målt i antall utgjorde femåringane utgjorde 34 prosent av bestanden, ifølge målingane på toktet.
– Men vi veit at sild i store årsklassar gjerne blir kjønnsmodne eitt år seinare. Det kan derfor vere at det er meir 2021-sild som ikkje blei med for å gyte i år og som vi dermed ikkje fanga opp på toktet, seier Stenevik.
– Det vil framtidige tokt vise.
Lågare vekt enn vanleg
Femåringane frå 2021 var vesentleg lågare i vekt enn femåringane i fjor. Det skuldest truleg at dei er langt fleire.
– Då får vi det vi kallar tettleiksavhengig vekst – eller fleire om maten, forklarer forskaren.
Elles var berre 12 prosent av silda var heilt gyteklar, som tyder på at gytinga var seinare i år enn dei føregåande ni åra.
Også i år stod mesteparten av silda utanfor Lofoten og Vesterålen. Ein trend starta av pionerane i 2016-årsklassen.
Takkar næringa
Like før toktstart måtte HI sitt forskingsfartøy omdisponerast til eit anna tokt.
Havforskingsinstituttet rettar ei stor takk til næringa som heiv seg rundt og stilte fleire fiskebåtar til disposisjon i eit anbod på kort varsel.
"Kings Bay" blei valt etter ei grundig evaluering.
Les teknisk toktrapport: