Meny

Tilrår fortsatt fiskestopp for lodde i Barentshavet i 2026

Lodde
article image Foto: Havforskningsinstituttet

Havforskarane tilrår nullkvote for lodde i Barentshavet.

11.12.2025 08:41 | Av Martine Korsøen

– Årets målingar viser at det var små mengder lodde i Barentshavet og særleg i dei normalt viktigaste beiteområda på og rundt Storbanken, seier havforskar Georg Skaret, som er bestandsansvarleg for lodde.

– Etter to sterke årsklassar i 2019 og 2020, har rekrutteringa vore svak, og berekningane viser at gytebestanden no er den lågaste som er målt sidan 1995. 

Havforskarane tilrår derfor nullfiske av lodde i Barentshavet i 2026. Kvoterådet for 2025 var også eit nullråd, men bestandsnivået no er betydeleg lågare – under 40 prosent av fjorårets.  

– Loddebestanden er langt nede, men historia har vist at han har ein sterk tendens til å kome tilbake dersom han får tid til å byggje seg opp att, seier Skaret. 

 

Les mer om bestanden og økosystemet i Barentshavet her på Havforskningsinstituttet