Ungdom får fiske for salg i sommarferien i år også
Nærings- og fiskeridepartementet vidarefører ungdomsfiskeordninga som gir ungdom mellom 12 og 25 år høve til å drive fiske i sommarferien.
03.05.2016 08:27Ordninga vil gjelde for heile landet i perioden frå og med 20.
juni 2016 og til og med 12. august 2016, og femner om alle
fiskeslag som blir fanga i dei vanlege fiskeria langs kysten, skriv Fiskeridirektoratet
Særlege reglar for rognkjeks
For fiske etter rognkjeks er det særlege reglar. Ordninga
for rognkjeks gjeld i perioden frå og med 12. mai til og med 20.
juni 2016 vest for 26°A (omlag ved Nordkapp), og i perioden frå og
med 12. mai til og med 5. juli 2016 i Finnmark aust for 26°A.
Avslutningstidspunkt er lik stoppdatoane i det ordinære
rognkjeksfisket. Ordninga gjeld ikkje for manntalsførde
fiskarar.
For fiske etter rognkjeks i denne ordninga gjeld det ei avgrensing
på 600 kilo utilverka rognkjeksrogn per person og per fartøy.
Rognkjeksfisket skjer på grunt vatn langs fjøra, og saman med
reiskapsavgrensinga på inntil 210 meter garn er det eit vilkår at
fartøyet må vere mindre enn 6 meter. Dette er for å sikre at
ordninga kjem målgruppa til gode. I sommarfisket etter andre
fiskeslag er det ikkje ei slik avgrensing i storleiken på
fartøyet.
Reiskap
Ungdomsfisket kan drivast med stang, handsnøre,
juksemaskin, garn med samla lengd på inntil 210 meter, liner med
inntil 300 anglar og inntil 20 teiner eller ruser.
Avgrensinga i bruk av reiskapar gjeld per fartøy. Ved ungdomsfiske
i regi av ein kommune - der fleire ungdommar fiskar med same fartøy
- kan Fiskeridirektoratets regionkontor gi unntak frå
reiskapsavgrensinga per fartøy, men ikkje per person.
Fartøy
Det er lov å nytte merkeregistrerte fiskefartøy i
ordninga med ungdomsfiske, men det er ein føresetnad at avgrensinga
i reiskapsbruken blir følgd. Derfor kan ikkje merkeregistrerte
fartøy nyttast til ordinær drift eller ha reiskap i sjøen i tillegg
til dei nemnde avgrensingane i den perioden fartøyet blir nytta i
ungdomsfisket. Det vil seie i perioden frå fartøyet første gang
blir nytta i ordninga med ungdomsfiske til siste fangst er
levert.
Ungdom under 12 år kan av sikkerheitsgrunnar ikkje delta i
ordninga.
Den som skal delta i ungdomsfiskeordningen må registrerast ved
Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i det
distrikt vedkomande er busett.