Vil ha bedre dialog med brukerene
Som eit ledd i digitaliseringsprosessen i Fiskeridirektoratet, lagar de no «min side» som skal gje sikrare og betre dialog mellom brukarane og direktoratet.
06.12.2016 12:21Difi går inn i prosjektet med om lag 9,5 millionar av ei
totalramme på 19 millionar.
- «Min side» skal gje sikrare, enklare og meir føreseieleg,
tilgjengeleg og brukarvenleg dialog mellom direktoratet og
næringsaktørane - og vere med å sikre likebehandling. Med denne
løysinga vert sakshandsaminga elektronisk der ein mellom anna skal
kunne følgje sin søknad, sjekke sine kvoter og finne sporingsdata,
driftsplan og miljøundersøkingar, seier fiskeridirektør Liv
Holmefjord.
I samarbeid med brukarane og AltInn
«Min side» blir ein del av fiskeridir.no, og vil vere
tilgjengeleg 24 timar i døgnet. Plattforma blir utvikla i samarbeid
med AltInn med sikker pålogging gjennom ID-porten. Prosjektet
startar med akvakultur og etter kvart skal også fiskeri vere
med.
Fiskeridir.no blir ein digital portal der ein del er allmenn og
offentleg medan ein annan del er med innlogging og dermed tilpassa
den einskilde brukar. I innloggingdelen er innhaldet som fiskarane,
oppdrettarane og mottaksanlegga treng samla på ein stad. Kvar aktør
får tilgang til ulike databasar og system avhengig av
tilgangsstyring i systemet, fortel IT-direktør Bjørn Arvid
Sætren.
- Tanken er at brukaren sjølv skal kunne legge inn data i sin
profil for å vedlikehalde informasjon, samtidig som ein enklare får
tilgang til sine eigne data.
- «Min side»-prosjektet startar opp i år og skal vere klart for
alle brukarane i løpet av 2018. Men allereie til hausten vil dei
første brukarane få tilgang til ein pilot, og saman skal vi
vidareutvikle løysinga. Vi vil ha små og kontinuerlege leveransar
og godt samarbeid med brukarane, seier Sætren.